Rekneskapshuset – Ditt profesjonelle rekneskapskontor på Halsnøy i Kvinnherad
Slit du med rekneskapen for ditt firma? Rekk du ikkje over lønsutbetaling til dei tilsette og skulle heller brukt tida ute på arbeid? Kanskje du treng hjelp til administrasjonsarbeid eller bistand innan årsoppgjer, likning og firmaetablering? Rekneskapshuset på Halsnøy Kloster er ditt profesjonelle rekneskapskontor, og me utfører alt innan rekneskapsføring, lønsutrekning, årsoppgjer, sjølvmeldingar, rådgjeving og mykje meir.
Dei fleste kundane våre er lokale, men me har også kundar t.d. i Oslo, og har i utgangspunktet ingen geografiske avgrensingar.
Om oss
Rekneskapshuset vart skipa i 1989 av Otto Benjaminson, Han er utdanna autorisert rekneskapsførar ved BI, og har solid erfaring frå bransjen, tilbake til 1970-talet. Vår målsetjing er fleksible løysingar og tilgjenge, til konkurransedyktige prisar.
Tenester
Rekneskapshuset utfører ei rekke tenester innan rekneskap og administrative oppgåver. Til dømes: lott-oppgjer, søknader, fakturering, budsjett, styrearbeid, årsoppgjer og tradisjonell rekneskap. Oppgåver, korrespondanse m.m. vert utført på både nynorsk og bokmål etter kunden sitt ønskje.
Kontakt
Har du spørsmål knytt til våre tenester eller produkt, ikkje nøl med å ta kontakt.
E-post: rekneskapshuset@knett.no
Tlf: 958 68 544 / 53 47 64 84
Fax: 53 47 62 71